Invitasjon til informasjonsmøte om bekjemping av Gyrodactylus salaris i Driva
Statsforvalteren i Trøndelag, sammen med Vetrinærinstitutetet, og NIVA inviterer:
Vi inviterer til informasjonsmøte om bekjemping av Gyrodactylus salaris i Driva. I år skal det gjennomførast supplerande tiltak i Driva, både ovanfor og nedanfor sperra. Årsaka er at man er usikker på om lakseparasitten framleis kan være til stades på laks eller hybrid (laks + aure) ovanfor sperra. Lakseparasitten er ikkje påvist i prøveuttak etter august 2023, men på grunn av at det framleis kan påvisast laks i elva ovanfor sperra, blir det i år gjennomført supplerande tiltak. Tiltaka er bruk av klor i hovudelva frå Magalaupet til sperra, og i heile Grøvu. Dette skjer i andre halvdel av juli. I august fortsett tiltaka med klor i hovudelva nedanfor sperra, samt dei største bekkane. Rotenon vil bli brukt i tillegg til klor nedanfor sperra, og i nokre få utvalde bekkar ovanfor sperra. Helge Bardal frå Veterinærinstituttet (til stades på møtet) og Anders Gjørwad Hagen frå NIVA (deltek via Teams) vil informere nærare om tiltaka på møtet i peisestua på:
LØNSET SAMFUNNSHUS MANDAG 24. JUNI KL. 19.00.
Elverierlaget er med som vertsskap